TENESTAR

 

Vi kan hjelpe til med det meste innan teknisk arbeid i samband med konsertar eller eventar. 

LYD

Vi har eit fast montert anlegg på Breidablik. 

Dette består av LD-System Line array, med tilhøyrande forsterkarar. 

Vi har D-Show Venue digitalmiksar, og også mulegheiter for andre miksarar (Digital/Analog).

Variert utval mikrofonar, trådlaust og monitorar.

Vi har også to mindre anlegg for bruk utanfor Breidablik.

LYS/BILDE

Vi har ulike typar lys, mellom anna vanlege PAR-kanner, LED-Par, Moving Head og Fylgjespot.

Lys kan styrast frå vår Martin M2PC, eller via software (Daslight/Qlab).

Vi kan også avvikle live-video, med streaming på nett, eller framsyning på storskjerm. 

Skulle du ha behov for tekst-monitor har vi eit velprøvd og godt opplegg for dette.

ARRANGØR

Sidan oppstarten har vi stått som arrangør for fleire arrangement. Mellom andre allsongkveld, Sommarrock, Julekonsertar, Revy, Konsertkveld på Breidablik.

Fleire arrangement vil kome, spesielt no når storstovå Breidablik har fått heilt ny drakt med akustiske tilhøve for forsterka musikk i framsete. 

Vi kan også hjelpe andre arrangørar med naudsynte oppgåver i samband med arrangement.