VESLEFRIKK AMATØRTEATER

Veslefrikk amatørteater er ein heilt nyoppstarta aktivitet i Sande kommune.

Målsetjinga er å setje opp teaterstykkjer, med glade amatørar både på og bak scena. 

Det er ope for alle over 6 år og vere med i gruppa. Vi treng skodespelarar, kostymesyarar, kulissebyggjarar, og andre som ynskjer å hjelpe til. 

På grunn av smittevernsreglar, må vi diverre setje ei øvre grense på 20 skodespelarar i haust. 

Vi er no i gong med oppstarten, og ynskjer å du vere med så meld deg på her:

PÅMELDING