OM OSS


 

 

Gamlebanken Scene starta i 2010, med romjulsrock på Gamlebanken. Scena på Gamlebanken var utgangspunktet for aktiviteten, og vi hadde fleire arrangement der. 
Etterkvart som tida har gått har vi hatt mykje aktivitet utanom Gamlebanken. Vi har vore rundt om i Sande kommune på ulike arrangement, men siste åra har hovudaktivteten vore på Breidablik på Larsnes.
Vi er også ein viktig samarbeidspartnar med Feel It, og har ansvaret for lyd, lys og bilete på dei arrangementa. 
Utstyrsparken veks og veks, og vi har eit godt utgangspunkt for å levere gode tenestar innan lyd, lys og bilete.
Gamlebanken Scene er organisert som ei eigarlaus frittståande foreining, som er ope for alle å delta i. Alt av inntekter går til vidare investeringar.