ØVINGSLOFTET - NB: VI TESTAR - OPNAR SNART

På loftet på Gamlebanken har vi tilgjengeleg eit flott øvingslokale. Lokalet er godt utstyrt med det meste som trengst for å øve. Lokalet er godt lyddempa, og har ei lun og fin atmosfære. Her er det rom for å verkeleg kose seg med musikk!

For all øving er det krav om at alle deltakarane på øvingane har medlemsskap i Øvingsloftet, men vi har ope for gjestar etter nærmare avtale. Dersom ein eller fleire er gjestar på ei øving, så gi info om dette under bookinga.

Du kan melde deg inn ved å fylle ut skjema:

Registrer medlemsskap

Vi har tre typar medlemsskap:

RED HOT

For born og unge under 25 år

Dette kostar 200 kr/halvår per person, og gjev fri bruk av øvingslokalet, men tid må reserverast

PURPLE

For alle - Typisk støttemedlemar som ikkje øver så ofte

Dette kostar 200kr/halvår per person, og gjev tilgong til å reservere øvingstid

Kvar øving kostar 200 kr, uavhengig av talet på personar; altså ikkje per person.

DEEP PURPLE

For alle

Dette kostar 500kr/halvår, og gjev fri bruk av øvingslokalet, men tid må reserverast. 

 

Øvingstid bestiller ein gjennom bookingsystemet vårt: